Valvatne Bygg AS tilbyr no ein moderne og husbankfinansiert firemannsbustad i attraktive og naturskjøne omgjevnader i Valvatnaåsen. Her har du moglegheita til å sikre deg ein rimeleg og sentralt plassert bustad i eit etablert og barnevenleg nabolag.

Kvar bueining inneheld ei lys og triveleg stove med open kjøkkenløysing, tre soverom og praktisk bodareal. Alle einingane har solrike terrassar vendt mot nordvest, med flott utsikt mot både Siggjo og Utslettefjellet.

Bustadane vert levert med gjennomgåande god standard og oppfyller krav til livsløpsstandard i første etasje, noko som gjer dei godt eigna for både familiar, einslege og eldre.

Eigedomen ligg i enden av ei roleg vegstrekning, med skog som næraste nabo – perfekt for deg som ønskjer både nærleik til natur og eit trygt, roleg bumiljø. Ein liten leikeplass vert etablert rett utanfor bustaden, til glede for dei minste.

Interessa er stor, og me praktiserer «fyrstemann til mølla»-prinsippet – ta kontakt i dag for meir informasjon!

Reiseavstandar

Tjødnalio Skule
7 min køyring
Butikk
5 min køyring
Barnehage
11 min gange

Ein god stad å bu

Turområder
Umiddelbar nærleik
Utsikt
Fjellutsikt
Solforhold
Solrikt, nord - vest

I det same du vel oss som husbyggjar startar me arbeidet med å skape ditt draumehus. I tett samarbeid mellom seljar, byggjeleiar og deg, hjelper me deg å tilpasse huset etter dine ynskjer og behov.

Prosjektfremdrift

  • Planlegging2 kvartal 2025
  • Salgsstart3 kvartal 2025
  • Byggestart4 kvartal 2025
  • Innflytting4 kvartal 2026

Visninger

Visning etter avtale

Kontakt oss

avatar

Anders Titland

Seljar

avatar

Dag Kjetil Lægreid

Seljar og prosjektutviklar

avatar

Bjørn Storebø

Seljar

Meld interesse